Midlertidig begrensning på bruk av anleggsvei - Blåfalli-vassdraget
- Registreringsnummer
- 9828
- Saksnummer
- 202511193
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Annet, se kommentar
- Underordnet sakstype
- Stor vannkraft
- Status
- Tiltakshaver
- SUNNHORDLAND KRAFTLAG AS
- Fylke
- Vestland
- Kommune
- Kvinnherad
- Vassdragsområde
- 042.Z
NVE har fått ein søknad frå Sunnhordaland Kraftlag AS (SKL) om løyve til å avgrensa den frie tilgangen publikum har til deira vegar i Blåfalli-vassdraget i ein periode på 5 år.
Anleggsvegen det gjelder går frå fylkesveg 5024 inn til dam Møsevatn, med ei samla lengde på 20 km. Som følgje av planlagt gjennomføring av fleire større prosjekt har SKL behov for å avpasse trafikkmengda på vegar for å vareta HMS, trafikktryggleik og formålstenleg gjennomføring av prosjekta.
SKL sine prosjekt medfører store mengder tungtransport, og dei erfarer at det er problematisk å få gjennomført sine prosjekt når vegen er open for alle. Vegen blir i dag brukt av grunneigarar til frakt av sau til og frå beite, og som tilkomst til hytter og eit skisenter. Dei seinare åra har vegen også i større grad vorte nytta til friluftsliv og turisme.
Anleggsarbeida vil halda fram i fleire år, men behovet for å avgrensa trafikken varierer gjennom døgn, veke, månad og år, og på dei ulike delane av vegane. Som eit alternativ til å stengja dessa permanent i fleire år, meiner SKL det er formålstenleg å tilpassa avgrensingane til dei faktiske behova, slik at vegane i størst mogleg grad kan vera tilgjengeleg når det ikkje kolliderer med anleggsverksemda.