Vurdering av konsesjonsplikt for Insteelvane kraftverk

Registreringsnummer
9618
Saksnummer
202506002
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Opprusting og utvidelse
Underordnet sakstype
Stor vannkraft
Status
Vedtatt konsesjonsfritt
Vedtaksdato
12.12.2025
Tiltakshaver
FIRDAKRAFT AS
Fylke
Vestland
Kommune
Bremanger
Vassdragsområde
086.722A
Søkt produksjon
13,10 GWh

NVE vurderer Insteelvane kraftverk i Bremanger kommune, Vestland fylke som ikkje konsesjonspliktig

Firdakraft ønsker å auke kraftproduksjonen i magasinområda til Øksenelvane kraftstasjon i Bremanger kommune med nye Insteelvane kraftverk. Kraftverket vil nytte fallet frå det eksisterande bekkeinntaket i Insteelva.

Firdakraft fekk konsesjon 7. juli 1967. Da blei Insteelva og Kringsjåvatnet overført til Bjørndalsvatn. Vatnet overførast via ei 2,5 km lang tunnel, og nyttiggjerast i Bjørndalen og Øksenelvane kraftverk. Firdakraft planlegg nå eit nytt kraftverk, Insteelvane kraftverk. Kraftverket vil nytte fallet frå inntaket i Insteelva til Store Øksendalsvatn. Tiltaket skal i stor grad bruke eksisterande vassveg, men vil føre med seg nytt bekkeinntak og sperredam i Insteelva, og ein ny vassveg frå den eksisterande overføringstunnelen til det nye kraftverket.

Kraftverket vil få ein installert effekt på 8,7 MW, og forventa årleg produksjon er 26,5 GWh. Produksjonen i Bjørndalen vil bli redusert som følgje av tiltaket, men Firdakraft bereknar vassdragets samla kraftproduksjon til å auke med 13,1 GWh per år.

Du finn søknaden og andre relevante saksdokument i filoversikta på denne sida. For ei fullstendig oversikt over dokumenta i saka, sjå einnsyn.no.