Nye Tussa kraftverk
- Registreringsnummer
- 9588
- Saksnummer
- 202503336
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Opprusting og utvidelse
- Underordnet sakstype
- Stor vannkraft
- Status
- Vedtatt konsesjonsfritt
- Vedtaksdato
- 13.06.2025
- Tiltakshaver
- TUSSA ENERGI AS
- Fylke
- Møre og Romsdal
- Kommune
- Volda
- Vassdragsområde
- 097.3Z
- Søkt produksjon
- 8,00 GWh
NVE har fått ein førespurnad frå Tussa Energi AS om vurdering av konsesjonsplikt for å byggje Nye Tussa kraftverk. Førespurnaden blir no send på høyring med høyringsfrist 02.05.2025.
NVE har fått ein førespurnad frå Tussa Energi AS, datert 29.01.2025, om vurdering av konsesjonsplikt for å byggje Nye Tussa kraftverk. Dagens kraftverk er over 60 år gamalt og står overfor omfattande vedlikehaldsarbeid i tida framover. Tussa Energi AS ønskjer difor å oppgradere eksisterande Tussa kraftverk ved å bygge eit nytt kraftverk (Nye Tussa kraftverk). Tiltaket vil auke installert effekt frå dagens 56 MW til 150 MW. Det er planlagt å halde eksisterande kraftverk i drift inntil vidare. Ifølgje søkjar vil ikkje det nye kraftverket gi endringar i vassføringar i elvestrengar, men start-stopp-køyring kan gi ein endring i magasinfyllingsmønsteret i Tyssevatnet. Høgaste og lågaste regulerte vasstand i vatnet vil ikkje verte endra.
Førespurnaden skal behandlast etter vassdragsreguleringslova § 4 og vurderast etter § 3 i same lov. NVE skal på bakgrunn av førespurnaden vurdere om tiltaket gir skade og ulempe av slik betydning for allmenne interesser at det oppstår konsesjonsplikt etter vassdragsreguleringslova.