Byrtevatn - endring i manøvreringsreglement
- Registreringsnummer
- 9522
- Saksnummer
- 202418181
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Endring i vilkår
- Underordnet sakstype
- Stor vannkraft
- Status
- Søknad
- Tiltakshaver
- STATKRAFT AS
- Fylke
- Telemark
- Kommune
- Tokke
- Vassdragsområde
- 016.BE
Høringsfrist: 06.05.2025
Det er også mulig å sende uttalelsen per epost, til nve@nve.no.
Merk emnefeltet med «Høringsuttalelse 202418181» , og oppgi navn og eventuelt organisasjonsnummer innledningsvis. Du kan også sende inn uttalelse per brevpost.
Søknad om å endre vilkår for slepp av minstevassføring frå Byrtevatn
NVE fekk søknad frå Statkraft Energi AS, datert 1.10.2024, om løyve etter vassdragsreguleringslova til å endre et av vilkåra i revidert konsesjon av 17.06.2022 for Tokke-Vinjevassdraget.
I revidert konsesjon er det stilt følgjande krav om minstevassføring frå Byrtevatn:
«Fra Byrtevatn skal det slippes 0,2 m 2/s i perioden 15.5 – 15.9 når vannstanden i magasinet er over kote 435».
Vassleppet vart første gong sleppt våren 2023 og Statkraft erfarte då at nivået i elva nedanfor dammen låg 1,2 meter høgare enn kravet på kote 435. Ved opning av luka rann vatnet derfor feil veg, frå elva og inn i magasinet. Statkraft ønskjer ei løysing som baserer seg på naturleg sjølvfall, og søkjer derfor om å endre kotehøgd i kravet til følgjande:
«Fra Byrtevatn skal det slippes 0,2 m 2 /s i perioden 15.5 – 15.9 når vannstanden i magasinet er over kote 437,5».
Dette alternativet vil gjere at det kan etablerast ei enkel teknisk tappeanordning, basert på røyrgjennomføring frå magasinet og ut i tappetunnelen. Etter Statkraft si vurdering vil ikkje endringa av kotehøgde medføre nokon ulemper eller negative miljøkonsekvensar.