Nedlegging av Dam Laugevatn
- Registreringsnummer
- 9472
- Saksnummer
- 202412343
- Overordnet sakstype
- Andre inngrep
- Sakstype
- Nedlegging vassdragsanlegg
- Underordnet sakstype
- Overflatevann
- Formål
- Sikkerhet
- Status
- Vedtatt konsesjonspliktig
- Vedtaksdato
- 27.03.2026
- Tiltakshaver
- VEST-TELEMARK KRAFTLAG AS
- Fylke
- Telemark
- Kommune
- Tokke
- Vassdragsområde
- 016.BD3AB
Omtale av tiltaket
Laugevatn dam er ein steinbygd demning frå om lag 1900, delvis mura og rehabilitert med betongkappe i 1985. Den ligg ved sørenden av Laugevatn i Tokke kommune og har eit magasinvolum på ca. 1,5 millionar m³ og eit nedslagsfelt på 25 km2. Den er ikkje i aktiv bruk.
Vest-Telemark Kraftlag AS ønskjer å rive dammen på grunn av manglande nytte, høge vedlikehaldskostnader og pålegg om vedlikehald frå NVE. Planen omfattar nedtapping gjennom eksisterande luke, etablering av riggplass, fjerning av betong og stein for gjenbruk eller deponering. Fjerning av dammen vil senke normal vasstand i Laugevatnet med om lag 1,4 meter.
Kva ønskjer vi fråsegn om?
NVE ønskjer tilbakemelding på om kjende allmenne interesser blir ramma av tiltaket, som til dømes friluftslivsinteresser og kulturminne. Vi ønskjer også tilbakemelding dersom de meiner det er andre interessentar som bør få høve til å uttale seg.
Kva gjer du dersom du ønskjer å uttale deg?
NVE ser helst at uttalar vert sendt elektronisk til nve@nve.no Merk e-post med «Høyringsuttale 202412343» i emnefeltet, og skriv namn og organisasjonsnummer i innleiinga viss du representerer ei verksemd.
Frist for innsending er 20.10.2025.
I tillegg kan du sende uttalar per post til NVE, Postboks 5091, Majorstuen, 0301 Oslo. Uttalar, eller delar av uttalar vil bli referert i eit endeleg vedtak.