Osland Genetics - søknad om uttak av grunnvann til landbasert oppdrett - Bjordal
- Registreringsnummer
- 9338
- Saksnummer
- 202319382
- Overordnet sakstype
- Andre inngrep
- Sakstype
- Vannuttak
- Underordnet sakstype
- Grunnvann
- Formål
- Akvakultur
- Status
- Gjeldende konsesjon
- Vedtaksdato
- 10.12.2025
- Tiltakshaver
- OSLAND GENETICS AS
- Fylke
- Vestland
- Kommune
- Høyanger
- Vassdragsområde
- 069.7A0
NVE har motteke søknad frå Osland Genetics, datert 08.12.2023, om løyve til uttak av grunnvatn på gnr./bnr. 20/1 i Førde i Høyanger kommune.
Osland Genetics har eit stamfiskanlegg for regnbogeaure på Oslandsøyra i Høyanger kommune. Anlegget har behov for ei meir stabil løysing for vassforsyninga si då dei planlegg å ha stamfisk på land større delar av året for å sikre havbruksnæringa tilgang til rogn heile året. I tillegg har dei teke i bruk eit nytt inkubasjonssystem, singelinkubering, som krev meir vatn. Det er ønskjeleg å ta ut grunnvatn frå Førde sidan noverande vasskjelde er for liten og ustabil for framtidig planlagt produksjon. Osland Genetics søkjer difor om konsesjon etter vassressurslova § 45 til uttak av inntil 70 l/s (4,2 m3/min) grunnvatn på gnr./bnr. 20/1 i Førde i Høyanger kommune. Grunnvatnet er planlagt henta ut frå to brønnar i lausmassar like ved Førdselva i Førde. Vatnet skal førast via sjøleidning frå Førde til Osland Genetics sitt anlegg på Oslandsøyra.
NVE behandlar vassuttaket etter vassressurslova medan Høyanger kommune behandlar vassleidningen etter plan og bygningslova.