Berstad vassverk
- Registreringsnummer
- 8987
- Saksnummer
- 202220546
- Overordnet sakstype
- Andre inngrep
- Sakstype
- Vannuttak
- Underordnet sakstype
- Overflatevann
- Formål
- Alminnelig vannforsyning
- Status
- Vedtatt konsesjonspliktig
- Vedtaksdato
- 01.02.2023
- Tiltakshaver
- STAD KOMMUNE
- Fylke
- Vestland
- Kommune
- Stad
- Vassdragsområde
- 091.2
Selje vassverk i Stad kommune er ikkje i stand til å dekke behovsauken som vil kome som følgje av planlagt bygging av Stad skipstunnel. Berstadvatnet er vurdert å vere den einaste mogelege vasskjelda som kan forsyne områda rundt Moldefjorden med tilstrekkeleg vatn i åra som kjem. Dette gjeld også anleggsfasen for bygging av Stad skipstunnel. Det er også eit stort behovet for brannsløkkevatn i forsyningsområdet. Stad kommune ynskjer difor å etablere eit nytt vassverk, Berstadvatnet vassverk, med Berstadvatnet som vasskjelde.
Planlagt gjennomsnittleg vassforbruk er på 5,2 l/s. Behovet for maksimalt vassuttak frå Berstadvatnet er rekna til 30 l/s. Naudsynt reguleringshøgde er vurdert til 50 cm. Det er ikkje planlagt å etablere dam.
Berstadvatnet vassverk er planlagt nytta som reservevasskjelde for Selje vassverk, som manglar reservevassløysing i dag. Samstundes vil Selje vassverk vere reservevasskjelde for Berstadvatnet vassverk.