Landstrøm Skotberget oppdettslokalitet
- Tiltakshaver
- EIDE FJORDBRUK AS
- Sakstype(r)
- Nett
- Saksnummer
- 202207847, 202606303
- Status
- Konsesjon gitt
- Dato
- 11.04.2023
- Fylke
- Vestland
- Kommune
- Kvinnherad
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har gitt Eide Fjordbruk AS konsesjon til å leggje ein 22 kV sjøkabel til Skotberget fiskeoppdrettsanlegg, og å installere ein transformator i oppdrettsanlegget med yting 1 MVA og omsetnad 22/0,415 kV. Anlegget ligg i Kvinnherad kommune i Vestland fylke.
Eide Fjordbruk AS ønskjer å elektrifisere fiskeoppdrettsanlegget Skoteberget i Kvinnherad. Dei har fått anleggskonsesjon for å byggje ein ca. 430 m lang 22 kV sjøkabel til anlegget deira. Sjøkabelen vil gå frå ein nettstasjon ved vestre inngang til Furebergtunellen ut til oppdrettsanlegget, sjå kartet under. Eide Fjordbruk søkjer òg om konsesjon for ein transformator i fôrflåten med yting 1 MVA og omsetnad 22/0,415 kV.
Ifølgje Eide Fjordbruk vil elektrifisering av Skotberget fiskeoppdrettsanlegg erstatte bruk av dieselaggregat og difor vere viktig fordi det vil redusere lokal forureining og samla klimagassutslepp.