Onarheim transformatorstasjon
- Tiltakshaver
- STATNETT SF
- Sakstype(r)
- Nett
- Saksnummer
- 202207831, 202512821
- Status
- Konsesjon gitt
- Dato
- 16.01.2025
- Fylke
- Vestland
- Kommune
- Stord, Tysnes, Kvinnherad
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har gjeve Statnett SF konsesjon for bygging av Onarheim transformatorstasjon i Kvinnherad kommune i Vestland fylke.
NVE gir og oreigningsløve for naudsynt grunn og tilkomst for å gjennomføre tiltaka.
I brev datert 30. mai 2025 mottok NVE éin detaljplan frå Statnett for Onarheim transformatorstasjon. NVE fekk i tillegg ein endringssøknad for det same anlegget i juni 2025. No sender vi detaljplanen og endringssøknaden på høyring, og ber om at fråsegner vert sendt til NVE innan 15. september 2025
Eit av krava i anleggskonsesjonen er at det skal utarbeidast ein detaljplan. Ein detaljplan er ein plan for korleis anlegget skal byggjast for å ivareta krava i konsesjonen. Detaljplanen skal og konkretisere korleis Statnett skal bygge og drive anlegget, slik at miljø og landskap vert best mogeleg ivaretatt. Planen skal utarbeidast i kontakt med aktuell kommune, grunneigarar og andre med rettar i tiltaksområdet.