Fetegga pumpestasjon
- Registreringsnummer
- 8809
- Saksnummer
- 202106038
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Pumpe/pumpekraftverk
- Underordnet sakstype
- Stor vannkraft
- Status
- Søknad
- Tiltakshaver
- TAFJORD KRAFTPRODUKSJON AS
- Fylke
- Møre og Romsdal
- Kommune
- Fjord
- Vassdragsområde
- 099.D2C
- Søkt produksjon
- 8,40 GWh
Kva vert det søkt om?
NVE har motteke ein søknad frå Tafjord Kraftproduksjon AS, datert 27.02.2026, om løyve etter vassdragsreguleringslova § 3 til bygging og drift av Fetegga pumpestasjon i Fjord kommune. Det er planlagt at pumpa skal overføre vatn frå Reindalsvatnet (kote 1173) til Heimste Viksvatn (kote 1302-1319). Pumpa er planlagt med eit effektbehov på 2,2 MW, og samla pumpeeffekt blir om lag 1,2 m3/s. Det blir samstundes søkt om å regulere Reindalsvatnet med 0,6 m.
Det blir også søkt om løyve etter energilova § 3-1 til bygging og drift av 22 kV kraftline/kabel med tilhøyrande koplingsanlegg i tilknyting til Fetegga pumpestasjon. Pumpa er planlagt kopla til dagens 22 kV endemast ved Viksvasshytta via sjøkabel i Heimste Viksvatn og kabel gjennom overføringstunnelen og røyrtraseen.