Ålesund kommune - drikkevannsuttak fra Brusdalsvatnet

Registreringsnummer
8747
Saksnummer
201405411
Overordnet sakstype
Andre inngrep
Sakstype
Vannuttak
Underordnet sakstype
Overflatevann
Formål
Alminnelig vannforsyning
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
08.01.2025
Fylke
Møre og Romsdal
Kommune
Ålesund
Vassdragsområde
101.5B

NVE gir Ålesund kommune løyve til uttak av vatn og regulering av Brusdalsvatnet til drikkevassforsyning

NVE legg vekt på at Brusdalsvatnet er vasskjelde for mange menneske i vår vurdering av søknaden. Samtidig er det store naturverdiar knytt til vassdraget som også skal ivaretakast.

NVE meiner at slepp av ei minstevassføring på 180 l/s heile året er tilstrekkeleg for å sikre bestandane av elvemusling og fisk. Situasjonen i Spjelkavikelva vil bli betra som ein følgje av slepp av større minstevassføring enn i dag. Endringane vil i mindre grad påverke flaumforholda.

NVE meiner at maks gjennomsnittleg uttak må avgrensast til 45 000 m3 /døgn. Eit uttak på 45 000 m3 /døgn er tilstrekkeleg vassmengd til å dekkje opp for forventa folketalsauke dei næraste 50 åra, og vil gi noko mindre konsekvensar for akvatisk miljø samanlikna med eit uttak på 55 000 m3 /døgn som var omsøkt.

For å sikre vandringsvegen for fisk meiner NVE at det bør sleppast lokkeflaumar med storleik 1 m3 /s. NVE meiner at det bør sleppast seks lokkeflaumar i perioden juli – september med to døgns varigheit (48 timar). NVE meiner at slepp av minstevassføring og slepp av lokkeflaumar må komme Spjelkavikelva og akvatisk miljø til gode. Vi meiner difor at kraftverkskanalen skal vere lukka i dei periodane den ikkje vert nytta som flaumdempande tiltak. NVE set krav til at ved vassføringar lågare enn 1 m3 /s, som svarar til krav til slepp av lokkeflaumar, så må alt vatnet gå til Spjelkavikelva.