Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE

Statnett SF - Ny 300 (420) kV sjøkabel Haugsvær - Lindås

  1. Ikke fullført Under behandling
  2. Ikke fullført På høring
  3. Ikke fullført Ferdig behandlet
Tiltakshaver
STATNETT SF
Sakstype(r)
Nett
Saksnummer
202111858
Status
Søknad
Dato
05.07.2021
Fylke
Vestland
Kommune
Modalen, Alver, Austrheim, Masfjorden, Gulen

Statnett SF søkjer om konsesjon for ein ny om lag 7,7 km lang 420 kV sjøkabel over Fensfjorden. Sjøkabelen vil gå frå Mongstad i Alver kommune, innom Masfjorden kommune, til Iledalsvågen i Gulen kommune. Den nye sjøkabelen vil følgje traseen til det eksisterande sjøkabelanlegget over Fensfjorden, og doble kapasiteten mellom Haugsvær og Lindås. 

Statnett SF søkjer om konsesjon i medhald av energilova.

Statnett SF søkjer òg om oreigningsløyve (oreigningslova av 23.10.1959, § 2 punkt 19) for naudsynte grunn og rettar for å byggje og drive dei elektriske anlegga, inkludert rett til all naudsynt ferdsel/transport. Samstundes søkjer Statnett SF om førehandstiltreding (oreigningslova § 25) som inneber at grunn og tilkomstrett kan takast i bruk før skjøn er halde.