Hamre genbank AS - søknad om uttak av vatn og regulering av Gjerdsetvatnet
- Registreringsnummer
- 8712
- Saksnummer
- 201906241
- Overordnet sakstype
- Andre inngrep
- Sakstype
- Vannuttak
- Underordnet sakstype
- Overflatevann
- Formål
- Akvakultur
- Status
- Gjeldende konsesjon
- Vedtaksdato
- 24.10.2023
- Tiltakshaver
- Ukjent
- Fylke
- Møre og Romsdal
- Kommune
- Rauma
- Vassdragsområde
- 103.64Z
Løyve til uttak av vatn og regulering av Gjerdsetvatnet i Rauma kommune i Møre og Romsdal
I vedtaket har NVE lagt vekt på at Hamre genbank sitt anlegg gjer det mogleg å ta vare på unike stammar av laks, sjøaure og sjørøye, og deira genetiske variasjon. Inngrep med dam, vassinntak og røyrgate er allereie etablert, og vassuttaket har vore nytta til landbasert oppdrett sidan 1987. NVE ser positivt på at dagens vassuttak vert formalisert gjennom ein konsesjonsprosess.
NVE vurderer at dei største ulempene er knytt til biologisk mangfald med tidvis tørrlegging av Hamreelva. NVE meiner at det bør sleppast ei minstevassføring slik at vassdraget ikkje vert tørrlagt.
Den største innverknaden på landskap vil vere sjølve reguleringa av Gjerdsetvatnet, som vil gi noko endra vasstand i løpet av året. Dette vil påverke landskapsbilete noko, men NVE vurderer likevel at landskap-, friluftsliv- og brukarinteresser ikkje vil bli vesentleg påverka av tiltaket.
Ut i frå informasjon frå søknad, høyringsuttalar og synfaring vurderer NVE at Hamreelva har ein viktig funksjon som vandringsveg for ål. Vassføring i elva er vidare viktig for å ivareta produksjonen av botndyr og vasslevande insekt. NVE meiner at det bør sleppast minstevassføring på 25 l/s heile året for å oppretthalde noko av elva sin økologiske funksjon og sikre vandringsvegen for ål. NVE meiner det er rom for slepp av minstevassføring på 25 l/s innanfor den omsøkte reguleringa av Gjerdsetvatnet på 1,15 m mellom HRV kote 35,00 og LRV kote 33,85.
Det må leggast til rette for at ål kan vandre ved slepp av minstevassføring og små vassføringar over dammen. Minstevassføringsslepp frå Gjerdsetvatn må konstruerast og plasserast slik at det også kan fungere som passasje for utvandrande ål. Med føresetnad om slepp av minstevassføring og at avbøtande tiltak for ål vert gjennomført, meiner NVE at verknadane for allmenne interesser kan aksepterast.