BioFish AS - Søknad om regulering og uttavk av vatn frå Eidesvatnet
- Registreringsnummer
- 8202
- Saksnummer
- 201834546
- Overordnet sakstype
- Andre inngrep
- Sakstype
- Vannuttak
- Underordnet sakstype
- Overflatevann
- Formål
- Akvakultur
- Status
- Gjeldende konsesjon
- Vedtaksdato
- 12.08.2020
- Tiltakshaver
- BIOFISH AS
- Fylke
- Vestland
- Kommune
- Kvam
- Vassdragsområde
- 053.10
NVE gir løyve til regulering og uttak av vatn frå Eidesvatnet i Kvam herad.
Det planlagde vassuttaket og reguleringa av Eidesvatnet vil føre til produksjon av 5 millionar smolt, og sysselsetting i kommunen. NVE vurderer ut frå høyringsuttalane og erfaring med regulering av Eidesvatnet, at dei største ulempene er knytt til erosjon og skred i strandsona. Dette gir negative verknader for friluftsliv og bruk av området.
NVE vurderer at ei mindre regulering av Eidesvatnet, avgrensa til 0,5 meter med heving av LRV, vil redusere faren for erosjon og skred i strandsona. NVE vurderer samstundes at gjennomsnittleg vassuttak per månad ikkje bør ligge høgare enn 50 l/s (3 m3/min) for å sikre tilstrekkeleg magasinkapasitet ved ei regulering på 0,5 meter. Tiltakshavar har ansvar for å tilpasse vassuttak og produksjon slik at vassressursen blir forvalta på ein berekraftig måte.
Tiltaket sin verknad for biologisk mangfald er også vektlagt. Det vandrar sjøaure og ål opp i vassdraget. Ved å redusere reguleringshøgda til 0,5 m, og redusere uttaket av vatn til gjennomsnittleg 50 l/s, vurderer NVE at det vert meir overlaup og oftare vassføringar høgare enn pålagt minstevassføring. Dette vil sikre opp- og nedvandring av fisk.
Med føresetnad om noko redusert reguleringshøgde og uttak av vatn, og at avbøtande tiltak for fisk vert gjennomført, meiner NVE at verknadane for allmenne interesser kan aksepterast.