Fister Smolt AS - søknad om mellombels løyve til å tappe Hetlandsvatnet 0,3 m under LRV
- Registreringsnummer
- 8171
- Saksnummer
- 201836396
- Overordnet sakstype
- Andre inngrep
- Sakstype
- Midlertidig tillatelse, vrl § 8
- Formål
- Akvakultur
- Status
- Utgått/bortfalt
- Tiltakshaver
- FISTER SMOLT AS
- Fylke
- Rogaland
- Kommune
- Hjelmeland
- Vassdragsområde
- 035.1Z
NVE gjev Fister Smolt AS løyve til tappe Hetlandsvatnet inntil 30 cm under LRV i perioden 1. juli til 1. september 2018. Løyve er gitt i medhald av vassressurslova § 8.
Det er no svært tørt i Rogaland og Fister Smolt AS har komme i ein situasjon der dei ikkje har nok vatn til å oppretthalde produksjonen i anlegget innanfor gjeldande konsesjon. Det vert difor søkt om mellombels løyve til å gå 30 cm under LRV. Bedrifta viser til at dei har sett inn fleire tiltak for å spare vatn, og at vassforbruket er redusert til eit absolutt minimum.
NVE vurderer at det er ein ekstraordinær situasjon i området med svært lite tilsig og låg grunnvasstand. For å sikre allmenne verdiar knytt til Fisteråna, samt økonomiske verdiar og dyrevelferd knytt til vidare drift av settefiskanlegget, vurderer NVE at ei auka nedtapping av Hetlandsvatnet kan aksepterast. Bedrifta må oppretthalde alle tiltak for å spare vatn i denne perioden og avgrense vassuttaket til eit minimum. Minstevassføring i Fisteråna skal oppretthaldast.
Fister Smolt skal samtidig som vasstanden er låg gjere grunnundersøkingar kring dam ved utløpet av Hetlandsvatnet som ei førebuing for seinare tiltak knytt til damanlegget.