Leikanger kommune - søknad om mellombels uttak av grunnvatn til Leikanger vassverk

Registreringsnummer
8163
Saksnummer
201835901
Overordnet sakstype
Andre inngrep
Sakstype
Midlertidig tillatelse, vrl § 8
Formål
Alminnelig vannforsyning
Status
Utgått/bortfalt
Fylke
Vestland
Kommune
Sogndal
Vassdragsområde
077.51Z

NVE gjev Leikanger kommune løyve til uttak av grunnvatn på inntil 35 l/s ved Henjaelvi i Riverdalen i Leikanger kommune. Løyve gjeld over ein periode på inntil tre år eller inntil nytt drikkevassinntak for overflatevatn er etablert. Løyve er gitt i medhald av vassressurslova § 8.

NVE gir samtykke til at Leikanger kommune i medhald av oreigningslova § 2 nr. 47 får ekspropriere naudsynte rettar for bygging og drift av anlegg knytt til mellombels uttak av drikkevatn frå grunnvassbrønnar ved Hermansverk.

NVE sitt samtykke til oreigning fell bort dersom Leikanger kommune ikkje har satt fram krav om skjønn innan eitt år etter at samtykket er gitt, jf. oreigningslova § 16.

NVE finn ikkje grunnlag for å behandle søknad om førehandstiltreding etter oreigningslova § 25 no, men vil kunne vurdere dette når det eventuelt vert sett fram krav om skjønn.

 

Bakgrunn

Leikanger vassverk har i dag råvassinntak i Henjaelvi på kote 168. I samband med Sognekraft si utbygging av Leikanger kraftverk skal inntaket til vassverket leggast om, og nytt inntak etablerast på kote 611 i Traståna i samband med kraftverksinntaket i Traståna. Anleggsarbeid i Henjadalen med ny veg og vassleidning til det nye drikkevassinntaket, og etablering av fleire kraftverksinntak i Henjadalen, vil føre til fare for ureining av dagens råvasskjelde til Leikanger vassverk. Det er derfor planlagt etablering av grunnvassuttak som skal nyttast som mellombels drikkevassforsyning for Leikanger vassverk i anleggsperioden inntil nytt drikkevassinntak og kraftverksinntak er etablert. Det er forventa at løysinga med mellombels vassforsyning vil ha ei varigheit på inntil tre år. Leikanger kommune ønskjer å etablere uttak av 35 l/s grunnvatn frå grunnvassbrønnar i Riverdalen i Hermansverk sentrum. Det vil bli lagt ein mellombels vassleidning hovudsakeleg oppe på bakken frå grunnvassbrønnane, via eit pumpehus, til eksisterande pumpestasjon og vassbehandlingsanlegg. Herifrå vil eksisterande infrastruktur nyttast. Leikanger vassverk er eit kommunalt vassverk eigd og drifta av Leikanger kommune. Sidan flyttinga av drikkevassinntaket, og dermed behovet for ei mellombels drikkevassforsyning i anleggsperioden, er utløyst av Sognekraft si utbygging av Leikanger kraftverk, er det Sognekraft som står for den praktiske gjennomføringa av tiltaket. Leikanger kommune står likevel som formell søker av tiltaket.