Nedlegging av dam Sætrevatn
- Registreringsnummer
- 7986
- Saksnummer
- 201701267
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Nedlegging vassdragsanlegg
- Underordnet sakstype
- Mini-/mikrokraftverk
- Status
- Gjeldende konsesjon
- Vedtaksdato
- 06.03.2020
- Tiltakshaver
- TAFJORD KRAFTPRODUKSJON AS
- Fylke
- Møre og Romsdal
- Kommune
- Sula
- Vassdragsområde
- 101.41
Søknad om nedlegging av dam Sætrevatn
NVE har motteke ein søknad frå O. A. Devolds Sønner AS, datert 3.7.2017, om løyve til nedlegging av dam Sætrevatn i Sula kommune.
Dam Sætrevatn er ein murdam med oppstraums betongtetting, truleg bygd på midten av 1950-talet. Dammen tilfredsstiller ikkje dagens krav til sikkeheit og har fått krav om rehabilitering. Magasinet blir ikkje lengre brukt til aktiv regulering, det er liten økonomisk gevinst i å behalde dammen, og dameigar ønsker difor å leggje ned dammen.
Det er planlagt å fjerne heile dammen, men kanalen mellom Sætrevatnet og dammen blir som han er i dag. Vasstanden i Sætrevatnet ligg i dag stort sett rundt 20 moh, med normale variasjonar innanfor 19,5 moh og 21,5 moh. Ved fjerning av dammen vil vasstanden i Sætrevatnet bli noko lågare enn 20 moh, men ikkje lågare enn 19,5 moh. Det vil ikkje lengre vere mogleg å aktivt bruke magasinet/Sætrevatnet til flaumdemping.
Søknaden skal behandlast etter reglane i kap. 3 og 7 i vassressurslova (vrl) og gjeld løyve etter vassressurslova §§ 8 og 41. Søknaden skal også vurderast etter forskrift om konsekvensutgreiing.
Dersom ein eigar ønsker å legge ned vassdragsanlegg skal han få løyve til dette, jf. vrl § 41. Føremålet med ei konsesjonsbehandling er å stille vilkår til korleis nedlegginga skal skje. For å redusere ulemper for allmenne interesser kan NVE for eksempel stille krav om avbøtande tiltak.
Alternativet til ei nedlegging er at ein ny eigar overtek anlegget jf. vrl § 42. Viss nokon ønsker å ta over vassdragsanlegget, ber vi om at NVE kontaktast så snart som mogleg, senast innan 3.10.2017. Ny eigar vil bli ansvarleg for at dammen oppfyller krava i damsikkerheitsforskrifta. Dammen må rehabiliterast for å tilfredsstille krav i damsikkerheitsforskrifta til dammar i konsekvensklasse 3.