Planendring Nyasetdalen kraftverk
- Registreringsnummer
- 7878
- Saksnummer
- 200803245
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Planendring
- Status
- Gjeldende konsesjon
- Vedtaksdato
- 19.12.2017
- Tiltakshaver
- SOGNEKRAFT PRODUKSJON AS
- Fylke
- Vestland
- Kommune
- Vik
- Vassdragsområde
- 071.1Z
tSognekraft AS fekk tillating til å byggje Nyasetdalen kraftverk 15.03.2013. Sognekraft søkte om ei planendring, om å endre plasseringa av både inntak og kraftstasjon. Tillating vart gitt til å flytte kraftstasjon. Tillating var ikkje gitt til å flytte inntaket.
Inntak
Sognekraft AS søkte opphavleg om eit inntak ved kote 770 i Nyasetelvi. I konsesjonsvedtaket i 2013 ga NVE tillating til eit inntak i overkant av kote 720, og slik at verken dam eller vasspeil ligg i botnen øvst i Nyasetdalen.
I planendringssøknaden skriver Sognekraft at området var målt inn feil med håndholdt GPS. Ifølge Sognekraft er den korrekte høgda på det opphavlege inntakspunktet på kote 800. I så fall gjeld NVEs vedtak tillating til eit inntak i overkant av kote 750.
Sognekraft skriver i søknaden at eit inntak på kote 770 vil tilfredsstille landskapskravet frå NVE, men at prosjektet vil vere vanskelig å realisere med eit inntak her. Dei søker om tillating til å plassere inntaket på kote 795, i eit søkk i terrenget like under inntakspunktet dei søkte om i konsesjonssøknaden.
Kraftstasjon
I konsesjonsvedtaket ga NVE tillating til å plassere kraftstasjonen ved om lag kote 470, med utløp like over eit planlagt bekkeinntak for Feios kraftverk. Feios kraftverk er ikkje bygd ennå. Sognekraft skriver no at det er mogleg å flytte bekkeinntaket til Feios kraftverk ned til kote 430, og søker difor om å flytte kraftstasjonen frå kote 470 til kote 443. Dei viser til at den reelle effekten vil verte høgare minstevassføring på strekninga mellom kote 470 og kote 443.
***
NVE ga tillating til å flytte kraftstasjonen, men ikkje inntaket.