Tidsavgrensa uttak av vatn frå Jørstadelva
- Registreringsnummer
- 7808
- Saksnummer
- 201601920
- Overordnet sakstype
- Andre inngrep
- Sakstype
- Midlertidig tillatelse, vrl § 8
- Formål
- Akvakultur
- Status
- Utgått/bortfalt
- Tiltakshaver
- SEASHORE SJØ AS
- Fylke
- Rogaland
- Kommune
- Stavanger
- Vassdragsområde
- 038.1
NVE gjev løyve til at Bremnes Seashore AS kan ta ut vatn til avlusing av fisk i månadane september, oktober og november, over ei periode på inntil tre år i perioden 2017-2019.
Bremnes Seashore AS planlegg å etablere eit forsøksanlegg for avlusing med snorkelmerd i Jørstadvågen nordvest på Ombo i Ryfylke. Det vert søkt om eit tidsavgrensa uttak av vatn frå Jørstadvassdraget.
Det har tidlegare vore eit setjefiskanlegg i vassdraget, og ein planlegg no å nytte same inntak. Det vil vere aktuelt med eit uttak av inntil 0,05 m³/s i månadene frå september til og med november i fire år frå hausten 2016. Det skal sleppast ei minstevassføring på 0,01 m³/s i september, og 0,03 m³/s i oktober og november.
I vedtaket har NVE lagt vekt på at tiltaket påverkar ei kort elvestrekning på 100 m, og at vassuttaket er avgrensa i høve til tilgjengeleg vassmengd. Tiltaket gjeld og berre for dei tre haustmånadane september, oktober og november, i ein tidsavgrensa periode på tre år (første år fell bort).
Dei største konfliktane med tiltaket er knytt til biologisk mangfald, der omsynet til fisk er vektlagt spesielt, sidan vassuttaket ligg på anadrom strekning i Jørstadelva. NVE vurderer at tiltaket ikkje vil få større negative verknadar for fisk og anna biologisk mangfald, og vurderer difor at eit tidsavgrensa uttak er akseptabelt.