Bokn vassverk

Registreringsnummer
7713
Saksnummer
201506523
Overordnet sakstype
Andre inngrep
Sakstype
Vannuttak
Underordnet sakstype
Overflatevann
Formål
Alminnelig vannforsyning
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
10.03.2017
Tiltakshaver
BOKN KOMMUNE
Fylke
Rogaland
Kommune
Bokn
Vassdragsområde
039.6

NVE har motteke ein søknad frå Bokn vassverk, datert 04.12.2015, om løyve til auka uttak av drikkevatn og auka regulering av Torlandsvatn i Bokn kommune.

I fleire år har det vore periodar der Bokn vassverk har hatt problem med vassforsyninga, grunna liten kapasitet i vasskjelda. Dette, kombinert med forventa framtidig befolkningsauke, gjer det nødvendig å betre forsyningskapasiteten. På bakgrunn av dette vert det no søkt om auka regulering av Torlandsvatnet. I dag kan Bokn kommune senke Torlandsvatnet til 1,0 meter under normalvasstand (kote + 62,5). Det vert no, i tillegg, søkt  om løyve til 1,0 meter oppdemming, slik at HRV og LRV vert høvesvis + 63,5 og + 61,5. Reguleringa av Torlandsvatnet er berekna å kunne gi eit framtidig uttak av råvatn på ca. 1400 m3/døgn (ca. 16,2 l/s). Med dagens spesifikke vassforbruk på ca. 500 l/p∙døgn, estimerer søkar at dette vil tilsvare eit forbruk for ca. 2200 personar.