Brødrene Sunde AS - vassleidning i Spjelkavikelva

Registreringsnummer
7573
Saksnummer
201500848
Overordnet sakstype
Andre inngrep
Sakstype
Fysiske inngrep i vannstrengen
Underordnet sakstype
Kryssing (luft eller vann)
Formål
Vassdragsinngrep
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
27.02.2020
Tiltakshaver
SUNDE AS
Fylke
Møre og Romsdal
Kommune
Ålesund
Vassdragsområde
101.5A

NVE avslår søknad frå Brødrene Sunde AS om løyve til å la eksisterande vassleidning bli liggande i Brusdalselva.

I vedtaket har NVE lagt vekt på at ein open vassleidning i Brusdalselva vil kunne få negativ verknad for bestanden av sjøaure i eit vassdrag med store fiskeinteresser. Vassleidningen kan også få negativ verknad for bestanden av elvemusling i elva. Dette er i konflikt med OED sine retningsliner. Vi har også lagt vekt på at tiltaket vil redusere opplevingsverdien ved ferdsel langs elva og utøving av fiske.

Etter NVE si vurdering vil ikkje dei positive sidene ved å la vassleidningen bli liggande i vassdraget overstige desse ulempene.

Det er utanom å fjerne vassleidningen frå elva få avbøtande tiltak å sette inn, og eit avslag på søknaden vil etter NVE si meining best ivareta allmenne interesser knytt til biologisk mangfald og brukarinteresser. NVE vurderer alternativet med å grave ned vassleidningen på nordsida av elva, langsetter den kommunale vassleidningen, som det beste alternativet med tanke på å redusere inngrep og påverknad for allmenne interesser.