SFE Produksjon AS - mellombels løyve til ikkje å sleppe minstevassføring

Registreringsnummer
7559
Saksnummer
201500675
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Midlertidig tillatelse, vrl § 8
Status
Utgått/bortfalt
Fylke
Vestland
Kommune
Askvoll
Vassdragsområde
084.5E

NVE gjev SFE Produksjon AS løyve til ikkje å sleppe minstevassføring mellom kote 420 og kote 280 over ein periode på fire veker i perioden august-november.

SFE Produksjon AS fekk den 18.04.2012 konsesjon for bygging av Leknesvatn kraftverk i Askvoll kommune. Det er i konsesjonen sett vilkår om slepp av minstevassføring på 100 l/s i tida 01.05-30.09 og 25 l/s resten av året.

Det vert søkt om løyve til ikkje å sleppe minstevassføring frå kote 420 til kote 280 i ein periode på inntil fire veker i tidsrommet august-november 2015. Føremålet er å etablere ein sperredam ved inntaket.

Leknesvatn kraftverk vil få inntak i eit vatn på kote 420 i Skorvenvassdraget. Inntaket skal byggast veglaust og det skal etablerast to låge (ca. 50 cm) sperredammar i utløpet av vatnet. Øvste del av vassvegen skal etablerast som bora sjakt. Når denne er driven og  inntaksarrangementet er klart er det mogleg å senke vassnivået i vatnet gjennom forbitappingsarrangement i ventilhus (plassert ca. kote 290 nedstraums bora sjakt). På den måten kan arbeidsstaden for sperredammane turrleggast. I perioden vatnet vert senka vil det ikkje vere mogleg å sleppe minstevassføring på elvestrekninga frå kote 420 og ned til kote 280.

NVE meiner at tiltaket ikkje vil ha vesentlege ulemper for allmenne eller private interesser. Ved å ta omsyn til vilkåra knytt til løyvet kan ikkje NVE sjå at eit mellombels løyve til ikkje å sleppe minstevassføring er til større skade for kjende allmenne interesser.