Vik Vassverk Sa - løyve til mellombels uttak av grunnvatn ved Tretteteigen

Registreringsnummer
7526
Saksnummer
201500128
Overordnet sakstype
Andre inngrep
Sakstype
Midlertidig tillatelse, vrl § 8
Formål
Alminnelig vannforsyning
Status
Utgått/bortfalt
Tiltakshaver
Ukjent
Fylke
Vestland
Kommune
Vik
Vassdragsområde
071.2B1

NVE gjev løyve til at Fresvik Vassverk Sa kan ta ut grunnvatn tilsvarande 300 m3/døgn (3,5 l/s) ved Tretteteigen i perioden fram til 15. mai 2015.

 

Fresvik vassverk fekk øydelagt vassinntak og overføringsleidningar under flaumen i oktober 2014. Som ny vasskjelde ynskjer vassverket å etablere eit nytt uttak av grunnvatn i elveavsetningar nær Storelvi ved Tretteteigen. Eksisterande vassbehandlingsanlegg og høgdebasseng/utjamningsbasseng ved Tretteteigen skal nyttast. Det vert søkt om mellombels løyve til å ta ut grunnvatn tilsvarande 300 m3/døgn (3,5 l/s) fram til 15. mai 2015. Dersom vasskjelda er eigna som permanent vasskjelde, vil det seinare bli søkt om varig konsesjon for eit større vassuttak.

 

NVE meiner at det i høyringsuttalane ikkje er kome fram noko som tilseier at tiltaket vil ha vesentlege ulemper for allmenne eller private interesser. Ved å ta omsyn til vilkåra knytt til løyvet kan ikkje NVE sjå at det mellombelse vassuttaket er til større skade for kjende allmenne interesser.