Svangtjernåni kraftverk

Registreringsnummer
7493
Saksnummer
201406184
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
03.12.2014
Tiltakshaver
Ukjent
Fylke
Buskerud
Kommune
Nesbyen
Vassdragsområde
012.CC6A0
Søkt produksjon
10,40 GWh

 

NVE avslår søknaden frå Svangtjernåni Kraft om løyve til å byggje Svangtjernåni kraftverk i Svangtjernåni i Nes kommune i Buskerud. Kraftverket var planlagd med ein installert effekt på 4,2 MW og ein årleg produksjon på omlag 10 GWh.  NVE meiner dei positive konsekvensane for allmenne interesser ikkje veg opp for dei samla ulempene for raudlisteartar i fleire kategoriar og hensynskrevande naturtypar av A-verdi.

 

 

 

NVE kan la være å kunngjere ein søknad i særskilte saker der det er klart at den må bli avslått. Dette er eit slikt tilfelle.

 

På elvestrekningen som vert råka er det registrert fleire raudlista artar som er avhengige av fosserøyk. Det er og registrert naturtype boreal regnskog med fosserøykutforming. Denne har fått verdi A. Bekkekløfta i nedre del er del av eit større bekkekløftsystem som er vurdert til verdi A. NVE meiner at Svangtjernåni kraftverk, sjølv med avbøtande tiltak, vil gje alvorleg eller irreversibel skade på naturmangfaldet.

 

Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging. NVE meiner at dei negative konsekvensane av ei utbygging ikkje kan vegast opp med avbøtande tiltak.NVE vurderer det slik at ei utbygging av vassdraget ikkje er akseptabel i høve til allmenne interesser og gjev difor ikkje løyve til Svangtjernåni kraftverk.