Osland settefisk AS - uttak av vatn frå Sørebøelva og Vetleelva
- Registreringsnummer
- 7459
- Saksnummer
- 201402965
- Overordnet sakstype
- Andre inngrep
- Sakstype
- Vannuttak
- Underordnet sakstype
- Overflatevann
- Formål
- Akvakultur
- Status
- Gjeldende konsesjon
- Vedtaksdato
- 02.02.2017
- Tiltakshaver
- OSLAND SETTEFISK AS
- Fylke
- Vestland
- Kommune
- Høyanger
- Vassdragsområde
- 069.8B
NVE gjev Osland Settefisk AS løyve etter vassressurslova § 8 til uttak av vatn frå Sørebøelva og Vetleelva i Østerbøvassdraget i Høyanger kommune.
Osland settefisk har i dag konsesjon for produksjon av 2,5 mill. smolt årleg i eksisterande gjennomstrøymingsanlegg på Sørebø. Anlegget er planlagt utvida med to nye avdelingar til ein samla produksjonskapasitet på 5 mill. smolt årleg. Det nye anlegget er planlagt bygd med resirkuleringsteknologi som har eit langt mindre vassbehov enn dagens anlegg. Det nye anlegget vil også ta over delar av produksjonen i dagens anlegg, og vil legge til rette for meir jamn produksjon over året, slik at dagens biomassetoppar vert noko redusert. Dette medfører at det samla vassforbruket på lokaliteten vert som i dag. Osland Settefisk kan ta ut inntil 580 l/s når tilsiget tillèt det. Det skal sleppast ei minstevassføring i Sørebøelva på 54 l/s om sommaren og 25 l/s om vinteren.
I tillegg til hovudinntaket i Sørebøelva er det eit reserveinntak i Vetleelva, og i periodar med stor smolt på anlegget vert det nytta brakkvatn frå Øystrebøvatnet. Det er i tillegg inngått ein avtale med BKK, som overfører delar av feltet, om at luka for overføring kan opnast ved særleg tørre tilhøve for å auke tilsiget til settefiskanlegget.
I vedtaket har NVE lagt vekt på at ei utbygging av Osland Settefisk AS sitt anlegg vil gi eit bidrag til produksjon av smolt, og auke i verdiskaping lokalt og i regionen. Inngrep med vassinntak og røyrgate vart etablert på midten av 1980-talet, og vassuttaket har vore nytta i same omfang sidan 2005. NVE ser positivt på at dagens vassuttak vert formalisert gjennom ein konsesjonsprosess.
NVE vurderer at vassressursen er knapp og at Sørebøelva åleine ikkje kan gi tilstrekkelege vassmengder til å dekke vassbehovet til settefiskanlegget og slepp av minstevassføring i langvarige tørrperiodar. Dersom det kjem på plass ei sikker overføring av vatn frå reguleringsmagasinet Øystrebotnvatn vurderer NVE likevel at Sørebøelva, saman med dei vassparande tiltaka og bruk av Vetleelva, vil kunne gi tilstrekkeleg med vatn også gjennom lengre tørrperiodar.
Det er foreslått slepp av minstevassføring som vil betre tilhøva noko i tørre periodar. Påverknadane på laks og sjøaure i Sørebøelva vil vere om lag som i dag, men med noko betra tilhøve i tørre periodar som er dei mest kritiske for fisken i dag. NVE vurderer at produksjonspotensialet for sjøaure i Sørebøelva er svært avgrensa og at fordelane med å auke krav til minstevassføring ut over det omsøkte ikkje overstig ulempene det vil medføre for settefiskanlegget.
Utanom fisk og fiskeinteressene vert andre allmenne interesser i liten grad påverka av tiltaket. NVE meiner at dei samla fordelane ved tiltaket, i form av produksjon av smolt og verdiskaping i regionen, overstig ulempene tiltaket fører med seg for allmenne interesser.
Etter ei heilskapleg vurdering av planane og dei innkomne uttalane meiner NVE at fordelane av det omsøkte tiltaket er større enn skadar og ulemper for allmenne og private interesser, slik at kravet i vassressurslova § 25 er oppfylt. NVE gjev Osland Settefisk AS løyve etter vassressurslova § 8 til uttak av vatn frå Sørebøelva og Vetleelva. Løyvet er gjeve på nærare fastsette vilkår.