Hyen Fisk AS - uttak av vatn frå Aavatnet og Aatverrelva

Registreringsnummer
7401
Saksnummer
201304753
Overordnet sakstype
Andre inngrep
Sakstype
Vannuttak
Underordnet sakstype
Overflatevann
Formål
Akvakultur
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
22.06.2018
Fylke
Vestland
Kommune
Gloppen
Vassdragsområde
086.Z

NVE gjev Hyen Fisk AS løyve etter vassressurslova § 8 til uttak av vatn frå Aavatnet og Aatverrelva i Gjengedalsvassdraget i Gloppen kommune.

Hyen Fisk AS har søkt om å ta ut vatn frå Aavatnet og Aatverrelva i samband med søknad om utviding av produksjonen frå 0,8 til 1,5 million sjødyktig settefisk årleg. Det vert søkt om eit maks vassuttak på 15 m3/min (250 l/s) frå Aavatnet og 300 l/min (5 l/s) frå Aatverrelva. Dei tekniske installasjonane knytt til vassuttaket er allereie etablert. Vassuttaket ved anlegget vil etter utvidinga vere den same som ved dagens drift. Det er ikkje planlagt slepp av minstevassføring.

I vedtaket har NVE lagt vekt på at ei utbygging av Hyen Fisk AS sitt anlegg vil gi eit bidrag til produksjon av smolt og auke i verdiskaping lokalt og i regionen. Inngrep med vassinntak og røyrgate er allereie etablert, og vassuttaket har vore nytta i same omfang sidan 1987. NVE ser positivt på at dagens vassuttak vert formalisert gjennom ein konsesjonsprosess.

Dei største konfliktane med tiltaket er knytt til biologisk mangfald, der omsynet til fisk er vektlagt spesielt sidan vassuttaket ligg på anadrom strekning i Åelva. Erfaringar med Hyen Fisk sitt vassuttak tilseier at vassuttaket ikkje har gitt større negative verknader for fisk og anna liv i elva. NVE vurderer at tiltaket er akseptabelt, og at ei vidareføring av vassuttaket slik det har vore fram til i dag ikkje vil få ytterlegare negative verknadar for biologisk mangfald.

Etter ei heilskapleg vurdering av planane og dei innkomne uttalane meiner NVE at fordelane av det omsøkte tiltaket er større enn skadar og ulemper for allmenne og private interesser, slik at kravet i vassressurslova § 25 er oppfylt. NVE gjev Hyen Fisk AS løyve etter vassressurslova § 8 til uttak av vatn frå Åvatnet og Åtverrelva. Løyvet er gjeve på nærare fastsette vilkår.