Lindeland kraftverk

Registreringsnummer
7300
Saksnummer
201306814
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
11.08.2014
Tiltakshaver
Ukjent
Fylke
Agder
Kommune
Kvinesdal
Vassdragsområde
025.A0
Søkt produksjon
5,28 GWh

NVE seier nei til søknad frå Lindland Kraftverk AS om løyve til bygging av Lindeland kraftverk i Kvinesdal kommune i Vest-Agder av omsyn til Knebeknuten naturreservat

Lindeland kraftverk var planlagt i Lindlandsbekken som renn igjennom Knebeknuten naturreservat. Lindeland kraftverk var planlagt med ein installert effekt på 2 MW og ein årleg produksjon på omlag 5,28 GWh. Grunngjevinga for avslaget er at utbygginga ville påverka vernegrunnlaget for Knebeknuten naturreservat. Området er verna for å bevare ein edellauvskog med høge botaniske og plantegeografiske verdiar. Plantane er verna mot alle inngrep som endrer veksthøve, slik som til dømes drenering. Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging. NVE meiner at dei negative konsekvensane av ei utbygging ikkje kan vegast opp med avbøtande tiltak. NVE vurderer det slik at ei utbygging av vassdraget ikkje er akseptabel i høve til allmenne interesser og gjev difor ikkje løyve til Lindeland kraftverk.