Sagedalselva kraftverk
- Registreringsnummer
- 7268
- Saksnummer
- 200709510
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Underordnet sakstype
- Småkraft
- Status
- Utgått/bortfalt
- Tiltakshaver
- SØRGULEN KRAFT AS
- Fylke
- Vestland
- Kommune
- Bremanger
- Vassdragsområde
- 086.11
- Søkt produksjon
- 3,56 GWh
Utsatt byggefrist. Ny frist er 19.09.2023
NVE gjev løyve til å byggje Maridalselva kraftverk og Sagedalselva kraftverk. Begge tiltaka ligg i Bremanger kommune i Sogn og Fjordane. Kraftverka vil få ein årleg produksjon på om lag 10 GWh.
Dei to kraftverka har tidlegare fått avslag om konsesjon grunna negative konsekvensar for landskapet i områda. Begge dei nye søknadane byggjer på ein redusert fallutnytting der inntaka er flytta ut av høgfjellsområda. I vedtaka har NVE lagt vekt på at ein utbygging av Maridalselva kraftverk og Sagedalselva kraftverk vil vere eit bidrag til fornybar energiproduksjon med avgrensa miljøeffektar.
Maridalselva kraftverk
Svelgen Kraft AS står bak søknaden for Maridalselva kraftverk. Dei viktigaste problemstillingane er slik NVE ser det, omsynet til landskapsverdiane i området. Den reviderte søknaden som byggjer på ei redusert fallutnytting har imøtekome dei problemstillingane som vart fremja i høyringsrunda. Til dømes er inntaket flytta nedanfor fossen i Maridalselva og ut av det sårbare høgfjellsområdet. Med desse justeringane vurderer NVE at tiltaket kan aksepterast. Maridalselva kraftverk vert bygd med inntak på 190 moh og utlaup på 15 moh og vil få ein installert effekt på 2 MW og ein årsproduksjon på omlag 6,7 GWh. NVE har satt krav om minstevassføring heile året og installering av omlaupsventil i kraftverket.
Sagedalselva kraftverk
Svelgen Kraft AS står bak søknaden for Sagedalselva kraftverk. Dei viktigaste negative konsekvensane er etter NVEs syn terrenginngrepa i samband med røyrgatetraseen. Etter dei nye planane er inntaket flytta ut av det sårbare høgfjellsområdet. Med desse justeringane vurderer NVE at tiltaket kan aksepterast. Sagedalselva kraftverk er planlagt med inntak på 250 moh og utlaup på 20 moh og vil få ein installert effekt på 1,12 MW og ein årsproduksjon på omlag 3,6 GWh. NVE har satt krav om minstevassføring heile året.