Børve kraftverk
- Registreringsnummer
- 7228
- Saksnummer
- 201302212
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Underordnet sakstype
- Småkraft
- Status
- Utgått/bortfalt
- Tiltakshaver
- SMÅKRAFT AS
- Fylke
- Vestland
- Kommune
- Ullensvang
- Vassdragsområde
- 049.32
- Søkt produksjon
- 6,90 GWh
Utsatt byggefrist. Ny frist er 23.01.2024
NVE gjev Småkraft AS løyve til å byggje Børve kraftverk i Ullensvang herad i Hordaland. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på omlag 6,9 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 350 husstandar.
I vedtaket har NVE lagt vekt på at ei utbygging av Børve kraftverk vil vere eit bidrag til fornybar energiproduksjon med avgrensa miljøeffektar dersom det vert bygd med vassveg i fjell i det brattaste partiet.
Utbygginga vil gjere nytte av fallet mellom 605 moh og 30 moh. Vassvegen skal gå i fjell frå inntaket og ned til 300 moh, ovanfor innmarka på Øvre Børve, og nedgraven resten av strekninga. Den viktigaste problemstillingane i saka er slik NVE ser det, omsynet til landskapet langs Sørfjorden. Eit større småkraftprosjekt har tidlegare fått avslag, men det nye er betre tilpassa landskapet og miljøet på staden.
Dersom kraftverket vert bygd med tunnel i fjell på den øvste strekninga meiner NVE at ulempene vert redusert i tilstrekkeleg grad. I vedtak om løyve er det lagt vekt på at det skal gå ei heilårleg minstevassføring i Børveelva, og ei minstevassføring om sommaren i Naustelvi, lik den søkjar hadde foreslått. NVE vurderer at inngrepa berre vil få lokale verknader, og at det dermed er ei akseptabel utbygging.
NVE vurderer nytten av tiltaket som større enn ulempene for allmenne og private interesse og gjev difor løyve til bygging av Børve kraftverk på nærare fastsette vilkår.