Synnøvjord kraftverk
- Registreringsnummer
- 7227
- Saksnummer
- 200701530
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Underordnet sakstype
- Småkraft
- Status
- Utgått/bortfalt
- Tiltakshaver
- Bertheussen
- Fylke
- Troms
- Kommune
- Tromsø
- Vassdragsområde
- 197.532
- Søkt produksjon
- 5,40 GWh
NVE gjev Synnøvjord Kraft AS løyve til å byggje Synnøvjord kraftverk i Tromsø kommune i Troms. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på omlag 4,2 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 200 husstandar.
I vedtaket har NVE lagt vekt på at ei utbygging av Synnøvjord kraftverk vil vere eit bidrag til fornybar energiproduksjon med avgrensa miljøeffektar.
Utbygginga vil gjere nytte av fallet mellom 275 moh og 20 moh. Vassvegen skal vere nedgraven heile vegen. Dei viktigaste problemstillingane i saka er slik NVE ser det, omsynet til landskap og friluftsliv. Eit større prosjekt har tidlegare fått avslag, men det nye er betre tilpassa landskapet og miljøet på staden.
Inngrepa finn stad frå tregrensa og ned mot fjorden og NVE meiner ulempene kan reduserast i tilstrekkelig grad gjennom avbøtande tiltak. I vedtak om løyve er det lagt vekt på at det skal gå ei høgare heilårleg minstevassføring i Synnøvjord enn det søkjar hadde foreslått. NVE vurderer at inngrepa berre vil få lokale verknader, og at det dermed er ei akseptabel utbygging.
NVE vurderer nytten av tiltaket som større enn ulempene for allmenne og private interesse og gjev difor løyve til bygging av Synnøvjord kraftverk på nærare fastsette vilkår.