Drikkevannsuttak i Djupetjønn, ev. Heddersvatn

Registreringsnummer
7136
Saksnummer
201301016,201702250
Overordnet sakstype
Andre inngrep
Sakstype
Vannuttak
Underordnet sakstype
Overflatevann
Formål
Alminnelig vannforsyning
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
29.01.2014
Tiltakshaver
TINN KOMMUNE
Fylke
Telemark
Kommune
Tinn
Vassdragsområde
016.G4C

NVE har motteke ein søknad frå Tinn Vann og Avløp AS om løyve til uttak av vatn frå Djupetjønn med Heddersvatn som alternativ. Det planlagde tiltaket ligg i Tinn og Hjartdal kommunar.

Tinn Vann og Avløp AS søker om å nytte Djupetjønn som ny vasskjelde til Kvitåvatn Vannverk. Det er søkt om å ta ut inntil 500 000 m3 vatn, samt å regulere Djupetjønn mellom kote 1156 og kote 1155,4. Tiltaket er planlagt med slepp av minstevassføring på 6 l/s i perioden 15.12 – 15.05.  Inntaket er planlagt på 25 m djup i Djupetjønn. Her i frå vert vatnet ført først gjennom bora tunnel til Sløkjedalen, og deretter i nedgraven røyrleidning fram til vassverket. I utløpet av Djupetjønn vert det etablert ein terskel og eit arrangement for slepp av minstevassføring. Det er behov for å forlenge eksisterande veg med om lag 1,8 km for å nå fram til tunnelpåhogget i Sløkjedalen. Djupetjønn er del av Digeråi som i 2005 vart verna i verneplan for vassdrag.

Som alternativ til Djupetjønn er det søkt om å nytte Heddersvatn som vasskjelde. Eit årleg uttak av 500 000 m3 vatn vil gje ei maksimal senking av vasstanden på 10 cm i forhold til normalvasstand. Inntaket er planlagt i nordre del av vatnet. Frå inntaket vil vassvegen gå 500 m i leidning lagt i vatnet, deretter 300 m i bora tunnel og vidare i nedgraven røyrleidning fram til vassverket. Det er behov for 400 m midlertidig veg for å få inn boreriggen. Heddersvatn er ikkje omfatta av verneplan for vassdrag.