Søknad om senking av vasstand i Kringastemma og riving av deler av dam Kringastemma

Registreringsnummer
7130
Saksnummer
201207991
Overordnet sakstype
Andre inngrep
Sakstype
Nedlegging vassdragsanlegg
Formål
Alminnelig vannforsyning
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
27.08.2015
Tiltakshaver
OSTERØY KOMMUNE
Fylke
Vestland
Kommune
Osterøy
Vassdragsområde
060.3

NVE har motteke ein søknad frå Osterøy kommune,  datert 6.5.2013, om løyve til senking av vasstand i Kringastemma og riving av deler av dam Kringastemma i Osterøy kommune.

For å tilfredstille gjeldande krav til damsikkerheit er dameigar  pålagt omfattande tiltak for å oppnå stabilitet etter gjeldande sikkerheitsforskrift og NVEs retningslinjer for murdammar. Dammen har i dag ingen funksjon bortsett frå dei visuelle kvalitetane vatnet gjev. Dammen er og ein del av gangnettverket i området, men det skal etablerast ei ny gangbru parallelt med riksvegbrua like ved. I samband med utarbeiding av teknisk plan, ynskjer no kommunen i staden for omfattande forsterkningsarbeid på eksisterande dam, å rive delar av dammen, og samstundes senke HRV frå kote 20,07 til kote 18. Vasstanden i Kringastemma vil bli permanent senka med 2 meter.

Søknaden skal handsamast etter reglane i kap. 3 og 7  i vassressurslova og gjeld løyve etter vassressurslova § 41 om løyve til nedlegging av vassdragsanlegg. Kapittel 7 i vassressurslova inneheld reglar om nedlegging av vassdragsanlegg. Dersom ein eigar av vassdragsanlegg ynskjer å leggje ned anlegget skal det gjevast løyve til dette, jf. vassressurslova § 41. Viss nedlegginga kan føre til påtakeleg skade eller ulempe for ålmenne interesser vil det vere nødvendig å stille vilkår til korleis nedlegginga skal gjennomførast.

Søknaden har tidlegare blitt sendt på avgrensa høyring til Fylkesmannen i Hordaland og Hordaland fylkeskommune. Hordaland fylkeskommune har ikkje kome med fråsegn ennå, og vil nå få ein ny moglegheit. NVE ynskjer at fylkeskommunen gjev fråsegn med utgangspunkt i sine  ansvarsområde.

NVE ønskjer mest mogleg konkrete synspunkt på korleis nedlegginga bør gjennomførast og forslag om avbøtande tiltak.  Dersom partane er kjende med tilhøve som det ikkje er opplyst om i tilstrekkelig grad i søknaden, ønskjer NVE opplysningar om dette. Osterøy kommune er søkjar og får høyringsbrevet til orientering.