Vannuttak Husdalsvatn - Bjørsvik settefisk
- Registreringsnummer
- 7081
- Saksnummer
- 201005999
- Overordnet sakstype
- Andre inngrep
- Sakstype
- Vannuttak
- Underordnet sakstype
- Overflatevann
- Formål
- Akvakultur
- Status
- Gjeldende konsesjon
- Vedtaksdato
- 23.03.2017
- Tiltakshaver
- LERØY VEST AS
- Fylke
- Vestland
- Kommune
- Alver
- Vassdragsområde
- 064.6
NVE gir Lerøy Vest AS, avd. Bjørsvik løyve til uttak av vatn og regulring av Husdalsvatnet i Lindås kommune.
Lerøy Vest AS nyttar i dag Husdalsvatnet som vasskjelde til produksjon av settefisk ved sitt anlegg i Bjørsvik. Uttaket har ikkje konsesjon etter vassressurslova. Lerøy Vest skal utvide produksjonen av settefisk frå 2,5 til 5 millionar settefisk. Gjennomsnittleg vassuttak vert 40 m³/min (667 l/s) og maksimalt vassuttak vert 60 m³/min (1000 l/s). Husdalsvatnet vil bli regulert mellom kote 47 (LRV) og kote 51 (HRV). Dette svarar til dagens regulering av vatnet. Overføring av nabofelt mot nord til Husdalsvatnet skal oppretthaldast slik som i dag. Eksisterande røyrgate frå Husdalsvatnet til den gamle kraftstasjonen skal behaldast. Ny vassveg skal koplas til eksisterande røyrgate, der vatnet skal førast gjennom eit nytt kraftverk før det renn vidare til settefiskanlegget. Det vert ikkje slepp av minstevassføring.
NVE ser positivt på at dagens regulering og vassuttak vert formalisert gjennom ein konsesjonsprosess. NVE vurderer at ei vidareføring av dei etablerte reguleringsgrensene ikkje vil få større negative verknadar for omgjevnadane. Med ein produksjon av 5 mill. smolt vil anlegget gi eit betydeleg bidrag til produksjon av smolt i regionen. Det er positivt at vassuttaket til produksjon av settefisk også vert
nytta til produksjon av energi. NVE meiner at det verken i søknaden eller i høyringsuttalane er kome fram noko som tilseier at tiltaket vil gi vesentlege ulemper for allmenne eller private interesser.
NVE meiner at fordelane ved tiltaket samla sett er større enn ulempene for allmenne og private interesser, og gjev difor løyve til uttak av vatn og regulering av Husdalsvatnet.