Regulering av Fjæreidevatnet og Engesvatnet

Registreringsnummer
7061
Saksnummer
201401320
Overordnet sakstype
Andre inngrep
Sakstype
Vannuttak
Underordnet sakstype
Overflatevann
Formål
Alminnelig vannforsyning
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
08.06.2017
Fylke
Vestland
Kommune
Øygarden
Vassdragsområde
057.20

Vedtak om regulering og uttak av drikkevatn frå Fjæreidevassdraget av 7.3.2017 er påklaga av FjellVAR AS. NVE har tatt klagen delvis til følge og endrar varigheit av konsesjonen til 10 år.

FjellVAR AS fekk 7.3.2017 konsesjon til regulering og uttak av drikkevatn frå Fjæreidevassdraget i Fjell kommune. Tiltaket vil etter NVE si vurdering gje store ulemper for allmenne interesser knytt til anadrom fisk, eventuell elvemusling, landskap og friluftsliv. Same dato fekk Fjell kommune saman med Sund kommune også konsesjon til uttak av vatn frå Kørelen, ei etter NVE si meining betre vasskjelde med færre konsekvensar for allmenne interesser. Av denne grunn vart varigheit av konsesjonen for Fjæreidevassdraget avgrensa til 5 år. Dette med tanke på at ein då vil kunne ha anledning til å ta i bruk Kørelen som hovudvasskjelde.

 

NVE meiner at ein konsesjon til regulering og uttak av vatn frå Fjæreidevassdraget i første omgang ikkje bør ha varigheit lenger enn 10 år. Etter denne datoen står tiltakshavar sjølvsagt fritt til å søke om nytt løyve ut i frå dei behova ein då ser at ein har. NVE meiner at ein med ei avgrensa varigheit på konsesjonen vil ha anledning til å igjen vurdere konsekvensane for allmenne interesser, og korleis dei avbøtande tiltaka fungerer.

 

NVE endrar vedtaket av 7.3.2017 ved at varigheit på konsesjonen vert forlenga frå 5 år til 10 år frå dette vedtaket sin dato. Andre vilkår knytt til den opphavlege konsesjonen gjeld framleis.

 

Kontaktpersonar:

Seksjonssjef Gry Berg, tlf. 22 95 92 20 / 41 29 30 86
Saksbehandlar Bård Ottesen, tlf. 22 95 95 28 / 93 06 74 34