Storelva kraftverk
- Registreringsnummer
- 7040
- Saksnummer
- 201300112
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Underordnet sakstype
- Småkraft
- Status
- Avslått søknad
- Vedtaksdato
- 04.09.2014
- Tiltakshaver
- NORDKRAFT PROSJEKT AS
- Fylke
- Vestland
- Kommune
- Bremanger
- Vassdragsområde
- 086.12Z
- Søkt produksjon
- 15,50 GWh
NVE seier nei til søknadene om Storelva kraftverk og Vassdalselva kraftverk i Høyanger kommune og Storelva kraftverk i Bremanger kommune i Sogn og Fjordane.
Alle dei tre søknadane vart avslått utan høyring grunna store konfliktar med sjøaurebestanden i dei tre vassdraga. I følgje Miljødirektoratet er bestanden av sjøaure i denne regionen utsatt for hardt press frå fleire kantar, og overvaking syner at sjøaurefangsten på Vestlandet er blitt kraftig redusert dei siste ti åra. Av den grunn meiner NVE at elver med gyte- og oppvekstområde for sjøaure må handterast varsamt i samband med bygging av småkraftverk.
Alle tre kraftverka vil føre vatn vekk frå lange strekningar av elvene som sjøauren har tilgang til. Vassdalselva kraftverk har i tillegg inntak på lakseførande (anadrom) strekning. I liknande prosjekt er det etablert ein forvaltningspraksis om å justere plassering av kraftstasjon opp mot eller ovanfor endeleg vandringshinder. NVE ser ikkje mogelegheita for avbøtande tiltak som vil kunne bevare dei akvatiske verdiane på utbyggingsstrekninga i tilstrekkeleg grad.
Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging. NVE vurderer det slik at ingen av dei tre utbyggingane er akseptable i høve allmenne interesser og gjev difor ikkje løyve til nokon av dei.