Kviafossen kraftverk

Registreringsnummer
7001
Saksnummer
201300124
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
03.09.2014
Tiltakshaver
SFE PRODUKSJON AS
Fylke
Vestland
Kommune
Stad
Vassdragsområde
089.A
Søkt produksjon
6,21 GWh

 

NVE avslår søknaden frå SFE Produksjon AS om løyve til å byggje Kviafossen kraftverk. Kraftverket var planlagd i Eidselva i Eid kommune i Sogn og Fjordane. Eidselva utgjer ein del av Hornindalsvassdraget. Vassdraget er verna og har òg status som nasjonalt laksevassdrag. Kviafossen kraftverk var planlagd med ein installert effekt på 0,99 MW og ein årleg produksjon på omlag 6 GWh.

 

 

NVE meiner at bygging av Kviafossen kraftverk vil vere i konflikt med vernegrunnlaget for Hornindalsvassdraget, og i tillegg i konflikt med tryggingsregimet for nasjonale laksevassdrag. Kraftverket er planlagd langt nede på lakseførande strekning i hovudelva. Det vil gjere det vanskelegare for laks og sjøaure å vandre opp til dei gode gyteområda oppstraums. Nedvandring kan også bli meir problematisk. I tillegg finst den sterkt truga arten ål i vassdraget.

 

Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging. NVE meiner at dei negative konsekvensane av ei utbygging ikkje kan vegast opp med avbøtande tiltak.

 

NVE vurderer det slik at ei utbygging av vassdraget ikkje er akseptabel i høve til allmenne interesser og gjev difor ikkje løyve til Kviafossen kraftverk.