Selja kraftverk
- Registreringsnummer
- 6999
- Saksnummer
- 201300101
- Overordnet sakstype
- Vannkraft
- Sakstype
- Ny vannkraft
- Underordnet sakstype
- Småkraft
- Status
- Gjeldende konsesjon
- Vedtaksdato
- 19.12.2014
- Tiltakshaver
- SELJA KRAFT AS
- Fylke
- Trøndelag
- Kommune
- Steinkjer
- Vassdragsområde
- 129.C
- Søkt produksjon
- 9,30 GWh
NVE gjev Skogkraft AS løyve til å byggje Selja kraftverk i Verran kommune i Nord-Trøndelag. Kraftverket vil produsere omlag 9,3 GWh årleg. Dette svarar til straumbruken til rundt 450 husstandar.
I vedtaket har NVE lagt vekt på at ei utbygging av Selja kraftverk vil vere eit bidrag til auka fornybar kraftproduksjon med avgrensa effektar for miljø og brukarinteresser samstundes som det gir ei betre utnytting av kraftressursane i eit allereie regulert vassdrag.
Kraftverket er planlagt i Selja, med hovudinntak omlag ved kote 216,5 og kraftstasjon ved kote 206. Vassvegen frå inntaket til kraftstasjonen skal vere ein kombinasjon av tunnel og nedgraven røyrgate. NVE legg vekt på at alle tekniske installasjonar skal tilpassast landskapet best mogeleg.
Det er i ikke registrert raudlista artar eller naturtypar i influensområdet, og NVE har vurdert tiltaket til å medføre små negative ulemper for naturmiljøet. NVE har fastsett ei minstevassføring på 500 liter i sekundet hele året. NVE meiner at minstevassføringa i stor grad vil ta vare på naturmiljøet.
NVE vurderer at i sum er nytten av tiltaket er større enn skader og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Selja kraftverk på fastsette vilkår.