Søre Bjøråa kraftverk

Registreringsnummer
6952
Saksnummer
201208177
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
22.10.2013
Tiltakshaver
STOR-ELVDAL KOMMUNESKOGER KF
Fylke
Innlandet
Kommune
Stor-Elvdal
Vassdragsområde
002.L4Z
Søkt produksjon
9,50 GWh

NVE har ei gruppe på sju søknadar om småkraftverk i Hedmark, til samla handsaming. NVE gjev avslag til dei to mest konfliktfylte prosjekta i framkant av offentleg høyring. Dette gjeld Neka kraftverk i Rendalen kommune, og Søre Bjøråa kraftverk i Stor-Elvdal kommune. 

Søre Bjøråa kraftverk var planlagd med ein installert effekt på 4 MW og ein årleg produksjon på 9,5 GWh. Det er i søknaden formulert to ulike utbyggingsalternativer: Et hovedalternativ og et alternativ nummer 2. NVEs konklusjoner baserer seg på en vurdering av begge alternativeneNVE har vektlagt at det er svært viktige naturtypar langs Søre Bjøråa, som fossesprutsone og ei bekkekløft av nasjonal verdi i tillegg til ei rekkje raudlista artar. Ei utbygging vil etter NVE si meining påverka naturtypane og raudlisteartane klart negativt.

Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar ved ei utbygging  av desse to prosjekta. NVE meiner at dei omsøkte utbyggingane er i strid med OED sine retningslinjer og ikkje akseptable i høve til ålmenne interesser. På bakgrunn av dette gjev NVE ikkje løyve til prosjekta.

NVE har òg vurdert miljøtilpassingar av dei enkelte prosjekta for å potensielt redusere konflikta med ålmenne interesser. Etter NVE si vurdering vil aktuelle  tilpassingar ikkje vere tilstrekkelege for å få løyve til å bygge kraftverka. Grunna svært høg konfliktgrad vart difor prosjekta avslått utan offentleg høyring. For dei resterande fem søknadane som står att, vil NVE fyrst ta ei avgjersle etter at synfaring og høyringsrunde er gjennomført.