Valffarjohka kraftverk

Registreringsnummer
6945
Saksnummer
201208143
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Utgått/bortfalt
Tiltakshaver
Suliskraft AS
Fylke
Nordland
Kommune
Fauske – Fuossko
Vassdragsområde
164.E2A0
Søkt produksjon
3,90 GWh

Tre løyve og fire avslag til småkraftverk i Fauske kommune

 

NVE gjev løyve til Laksåga, Sjønståfossen og Valffarjohka kraftverk, medan Tverråmo, Kvannelva og Littj Tverråga, Galbmejohka og Oterelva kraftverk får avslag. Alle prosjekta er i Fauske kommune i Nordland.

Dei tre kraftverka som har fått løyve, vil produsere om lag 33,4 GWh i eit medels år. Dette svarar til straumbruken til 1800 husstandar. Prosjekta som fekk avslag, kunne samla gitt om lag 45 GWh/år.

Søknadane er handsama samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane av vasskraftverka. Landskap og urørte område , friluftsliv, høve til reindrift, biologisk mangfald og kulturmiljø har vore sentrale tema i NVE si vurdering av desse prosjekta. NVE har gjeve konsesjon til kraftverka som gjev minst konflikt med ålmenne interesser sett i forhold til produksjon av fornybar energi.

For å redusere dei negative verknadane for dei ålmenne interessene, er det sett vilkår til kvart av prosjekta som har fått løyve. Etter NVE si vurdering vil aktuelle tilpassingar ikkje vere tilstrekkelege til å bøte på ulempene som ville ha følgt av kraftverka som fekk avslag.