Benna kraftverk

Registreringsnummer
6857
Saksnummer
201207386
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
20.12.2012
Tiltakshaver
NORDKRAFT PROSJEKT AS
Fylke
Innlandet
Kommune
Gausdal
Vassdragsområde
002.DDEA
Søkt produksjon
5,90 GWh

NVE seier nei til søknad frå Fjellkraft AS om løyve til bygging av Benna kraftverk i Gausdal kommune i Oppland av omsyn til raudlista artar, naturtypar med stor verdi og verneverdiane for vassdraget.

Benna kraftverk var planlagd i vassdrag 002/4 Gausa som vart verna for vasskraftutbygging i 1980. St.prp. nr. 75 opnar for bygging i verna vassdrag dersom utbygginga har ein installert effekt under 1 MW og ikkje påverkar vernegrunnlaget. Benna kraftverk var planlagd med ein installert effekt på 0,99 MW og ein årleg produksjon på omlag 5,9 GWh.

Søknaden vart avslått utan høyring grunna store konfliktar med naturverdiar og verneverdiane for vassdraget.

Grunngjevinga for avslaget er at det langs Benna er svært viktige naturtypar som slåttemark og bekkekløfter i tillegg til ei rekkje raudlista artar. Utbygginga ville og påverka vernegrunnlaget for vassdraget.

Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging. NVE meiner at dei negative konsekvensane av ei utbygging ikkje kan vegast opp med avbøtande tiltak.

NVE vurderer det slik at ei utbygging av vassdraget ikkje er akseptabel i høve til allmenne interesser og gjev difor ikkje løyve til Benna kraftverk.