Midlertidig senking av Storavatnet

Registreringsnummer
6854
Saksnummer
201205046
Overordnet sakstype
Andre inngrep
Sakstype
Midlertidig tillatelse, vrl § 8
Formål
Vassdragsinngrep
Status
Utgått/bortfalt
Fylke
Vestland
Kommune
Askøy
Vassdragsområde
059.32

NVE gjev løyve til at Frank Mohn Eigedom AS kan seinke Storavatnet inntil 1,5 m under normalvasstand på kote 8,75 over ein periode på inntil 2 år frå 1. kvartal 2013.

Frank Mohn AS søkjer om å senke Storavatnet med inntil 1,5 meter under normalvasstanden på om lag kote 8,75 for ein periode på inntil 2 år frå I. kvartal 2013. Omsøkte tiltak har samanheng med vedteken reguleringsplan for Frank Mohn AS sitt nye industriområde i Florvågen på Askøy. For å sikre industriområdet mot flaumvatn skal eksisterande dam med tappeluker sikrast med betong, og det skal byggast ny dam med større flaumkapasitet ved utløp av Storavatn. For å gjennomføre betongarbeidet er det naudsynt å senke vasstanden. Normalvasstanden etter tiltak vil bli oppretthalde på dagens nivå, medan flaumvasstanden vil bli liggande lågare enn det som er tilfelle i dag.

 

NVE meiner at det i høyringsuttalane ikkje er kome fram noko som tilseier at tiltaket vil ha vesentlege ulemper for allmenne eller private interesser. Ved å ta omsyn til vilkåra knytt til løyvet kan ikkje NVE sjå at den mellombelse seinkinga er til større skade for kjende allmenne interesser.