Storeflåt kraftverk

Registreringsnummer
6852
Saksnummer
201207404
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
23.11.2012
Tiltakshaver
SMÅKRAFT AS
Fylke
Telemark
Kommune
Tinn
Vassdragsområde
016.G5A21
Søkt produksjon
17,40 GWh

NVE seier nei til søknad frå Småkraft AS om løyve til bygging av Storeflåt kraftverk i Tinn kommune i Telemark, av omsyn til raudlista artar og naturtype med stor verdi.

Storeflåt kraftverk var planlagt med ein installert effekt på 4,95 MW og ein årleg produksjon på 17,4 GWh.

Grunna store konfliktar med naturverdiar vart søknaden avslått utan høyring. Grunngjevinga for avslaget er at tiltaket vil ha negative konsekvensar for ei svært viktig bekkekløft med ei rekkje raudlista artar. Bekkekløfta er vurdert som ei av dei viktigaste i regionen.

Etter NVEs syn vil ei utbygging ikkje vere i samsvar med Olje- og energidepartementet sine retningslinjer for løyve til småkraftverk. Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging. NVE meiner at dei negative konsekvensane av ei utbygging ikkje kan vegast opp med avbøtande tiltak.

NVE vurderer det slik at ei utbygging av vassdraget ikkje er akspetabel i høve til allmenne interesser og gjev difor ikkje løyve til Storeflåt kraftverk.

Kontaktpersonar:                                                                                                    Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 eller 901 98 216                                Avdelingsingeniør Kristine Naas, tlf. 22 95 97 66