Bildøyvatnet vannverk

Registreringsnummer
6843
Saksnummer
201200900
Overordnet sakstype
Andre inngrep
Sakstype
Vannuttak
Underordnet sakstype
Overflatevann
Formål
Alminnelig vannforsyning
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
25.02.2013
Fylke
Vestland
Kommune
Øygarden
Vassdragsområde
057.1

 

NVE har motteke ein søknad frå FjellVAR, datert 26.09.2012, om løyve til å nytte Bildøyvatnet i Fjell kommune som drikkevasskjelde.


 

FjellVAR ønskjer å etablere eit nytt vassbehandlingsanlegg ved eksisterande drikkevasskjelde i Bildøyvatnet. Det er planar om å ta ut vatn tilsvarande naturleg avrenning frå vatnet, det vil seie 36 l/s. I tillegg vert det søkt om å halde fram med regulering av Bildøyvatnet mellom kote 170,8 og 179.

 

Bildøyvatnet vassverk vart i 1977 teke i bruk som kommunal vassforsyning. Etter etablering av vassverk ved Fjæreidevatnet vart Bildøyvatnet reservevasskjelde pga. dårlegare vasskvalitet og mangelfull reinsing. 

 

I dei siste åra har kjelda likevel vore nytta som supplering til den kommunale vassforsyninga. På bakgrunn av befolkningsvekst ønskjer ein å gjere denne bruken permanent og det er difor nødvendig å byggje eit nytt vassbehandlingsanlegg. I den anledning vert det no søkt om konsesjon for heile anlegget.

 

Bildøyvatnet er i dag regulert mellom kote 170,8 og 179. Dammen er 45 m lang og bygd i betong. Frå dammen er det lagt ein 200 mm vassleidning i eksisterande veg. Leidningen er kopla saman med eksisterande vassforsyningsnett ca. på kote 88, ved tilkomstvegen til høgdebasseng i Bildøynuten. Med unnatak av det nye vassbehandlingsanlegget vert det ingen nye fysiske inngrep.