Kroken II kraftverk

Registreringsnummer
6839
Saksnummer
201206909
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
15.09.2014
Tiltakshaver
Norges Småkraftverk AS
Fylke
Vestland
Kommune
Luster
Vassdragsområde
075.2Z
Søkt produksjon
11,90 GWh

NVE avslår søknadane frå Norges Småkraftverk AS om løyve til å byggje Kroken I og Kroken II kraftverk i Luster kommune i Sogn og Fjordane av omsyn til bekkekløft av nasjonal verdi.

Kroken I og Kroken II kraftverk var planlagt i Krokadalselvi som renn igjennom Krokadalen. Kroken I var planlagd med ein installert effekt på 5,49 MW og ein årleg produksjon på om lag 16,6 GWh. Kroken II var planlagt med ein installert effekt på 4,7 MW og ein årleg produksjon på om lag 11,9 GWh.

Krokadalen vart i Miljødirektoratets bekkekløftprosjekt kartlagt og gitt nasjonal verdi som bekkekløft. NVE meiner dei planlagde tiltaka vil føre til stor negativ påverknad på bekkekløftlokaliteten Krokadalen og påverke viktige leveområdar for sjeldne eller truga arter.

Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging. NVE meiner at dei negative konsekvensane av ei utbygging ikkje kan vegast opp med avbøtande tiltak.

NVE vurderer det slik at ei utbygging av vassdraget ikkje er akseptabel i høve til allmenne interesser og gjer difor ikkje løyve til Kroken I og Kroken II kraftverk.