Fossåa kraftverk

Registreringsnummer
6831
Saksnummer
201206826
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
18.12.2013
Tiltakshaver
Ukjent
Fylke
Innlandet
Kommune
Sør-Fron
Vassdragsområde
002.DF6B
Søkt produksjon
17,50 GWh

NVE seier nei til søknad frå Fossåa 1K AS om løyve til bygging av Fossåa kraftverk i Sør-Fron kommune i Oppland. Avslaget er grunngjeve med konsekvensane for biomangfald og landskap.

Fossåa kraftverk var planlagt i Sør-Fron kommune. Kraftverket var planlagt med ein installert effekt på 5,49 MW og ville gitt ein årleg produksjon på omlag 17,2 GWh.
Dei viktigaste problemstillingane i saka er slik NVE ser det, omsynet til biomangfald og landskap. Grunngjevinga for avslaget er at det langs Fossåa er et særs verdifullt naturmiljø og at kraftverket ville gi store inngrep i landskapet.
Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging. NVE meiner at dei negative konsekvensane av ei utbygging ikkje kan vegast opp med avbøtande tiltak.
NVE vurderer det slik at ei utbygging av vassdraget ikkje er akseptabel i høve til allmenne interesser og gjev difor ikkje løyve til Fossåa kraftverk.