Skåbyggja kraftverk

Registreringsnummer
6702
Saksnummer
201203022
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
18.12.2013
Tiltakshaver
CLEMENS KRAFTVERK AS
Fylke
Innlandet
Kommune
Nord-Fron
Vassdragsområde
002.DFB31
Søkt produksjon
10,30 GWh

NVE seier nei til søknad frå Clemens Elvekraft AS om løyve til bygging av Skåbyggja kraftverk i Nord-Fron kommune i Oppland. Avslaget er grunngjeve med konsekvensane for biomangfald.

Skåbyggja kraftverk var planlagt i Nord-Fron kommune. Kraftverket var planlagt med ein installert effekt på 4,2 MW og ville gitt ein årleg produksjon på omlag 9,0 GWh.
Dei viktigaste problemstillingane i saka er slik NVE ser det, omsynet til biomangfald. Grunngjevinga for avslaget er at det i Skåbudalen er viktige naturtypar og raudlista artar som er tilknytta fuktige miljø og rennande vatn.
Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging. NVE meiner at dei negative konsekvensane av ei utbygging ikkje kan vegast opp med avbøtande tiltak.
NVE vurderer det slik at ei utbygging av vassdraget ikkje er akseptabel i høve til allmenne interesser og gjev difor ikkje løyve til Skåbyggja kraftverk.