Lerøy Midnor AS - vassuttak fra Sandåa i Valsøybotn
- Registreringsnummer
- 6666
- Saksnummer
- 201105523
- Overordnet sakstype
- Andre inngrep
- Sakstype
- Vannuttak
- Underordnet sakstype
- Overflatevann
- Formål
- Akvakultur
- Status
- Gjeldende konsesjon
- Vedtaksdato
- 02.07.2013
- Tiltakshaver
- LERØY MIDT AS
- Fylke
- Trøndelag
- Kommune
- Heim
- Vassdragsområde
- 113.4A
NVE gir Lerøy Midnor AS løyve til eit avgrensa uttak av vatn frå elva Sandåa i Valsøybotn i Halsa kommune.
Lerøy Midnor AS nyttar i dag Sandåa som vasskjelde til produksjon av settefisk ved sitt anlegg i Valsøybotn. Uttaket har ikkje konsesjon etter vassressurslova. Botn settefisk vil ta ut vatn frå Sandåa ved kote 45. Eksisterande vassinntak og røyrgate skal nyttast, det vert ingen nye inngrep i vassdraget. Påverka elvestrekning er ca. 700 m (frå kote 45 til sjøen). Det er skal sleppas ei minstevassføring på 100 l/s (6 m3/min) heile året, dette tilsvarer tidlegare krav til minstevassføring i Sandåa. Inntaket i Sandåa skal i utgangspunktet fungere som ei tilleggsvasskjelde under biomassetoppar i produksjonen. Utover dette vil det vere aktuelt å ta vatn frå Sandåa dersom ein nærmar seg LRV i hovudvasskjelda i Reinslivatnet.
NVE ser positivt på at dagens vassuttak vert formalisert gjennom ein konsesjonsprosess. Røyrtraseen, vassinntak og inntakshus er installasjonar som allereie er bygd ut. NVE vurderer at ei vidareføring av vassuttaket slik det har vore fram til i dag, ikkje vil få ytterlegare negative verknadar for omgjevnadane. NVE meiner at det verken i søknaden eller i høyringsuttalane er kome fram noko som tilseier at tiltaket vil ha vesentlege ulemper for allmenne eller private interesser.
NVE meiner at fordelane ved tiltaket samla sett er større enn ulempene for allmenne og private interesser, og gjev difor løyve til uttak av vatn frå Sandåa.