Mosåa kraftverk

Registreringsnummer
6659
Saksnummer
201202650
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Status
Avslått søknad
Vedtaksdato
18.12.2013
Tiltakshaver
NORDKRAFT PROSJEKT AS
Fylke
Innlandet
Kommune
Øyer
Vassdragsområde
002.DE31Z
Søkt produksjon
12,70 GWh

NVE seier nei til søknader frå Fjellkraft AS om løyve til bygging av Brynsåa og Mosåa kraftverk i Øyer kommune i Oppland. Avslaget er grunngjeve med konsekvensane for biomangfald.

Brynsåa og Mosåa kraftverk var planlagt i Øyer kommune. Kraftverka var planlagt med ein installert effekt på hhv. 2,8 og 5,0 MW og ville gitt ein årleg produksjon på hhv. omlag 6,8 og 12,7 GWh.

Dei viktigaste problemstillingane i sakane er slik NVE ser det, omsynet til biomangfald. Grunngjevinga for avslaga er at det i både Brynsåa og Mosåa er viktige naturtypar og raudlista artar som er tilknytta fuktige miljø og rennande vatn. Det er óg lagt vekt på den store regionale og lokale motstanden mot prosjekta.

Dei negative konsekvensane står etter NVE sitt syn ikkje i forhold til auka kraftproduksjon eller andre positive effektar av ei utbygging. NVE meiner at dei negative konsekvensane av ei utbygging ikkje kan vegast opp med avbøtande tiltak.

NVE vurderer det slik at ei utbygging av vassdraga ikkje er akseptabelt i høve til allmenne interesser og gjev difor ikkje løyve til Brynsåa og Mosåa kraftverk.