Sagelva kraftverk

Registreringsnummer
6639
Saksnummer
201201177
Overordnet sakstype
Vannkraft
Sakstype
Ny vannkraft
Underordnet sakstype
Småkraft
Status
Utgått/bortfalt
Tiltakshaver
Norsk Vannkraft AS
Fylke
Nordland
Kommune
Hemnes
Vassdragsområde
156.1Z
Søkt produksjon
4,00 GWh

Utsatt byggefrist. Ny frist er 05.12.2023 

 

NVE gjev Fjellkraft AS løyve til å bygge Sagelva kraftverk i Hemnes kommune i Nordland. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på omlag 4 GWh, noko som svarar til straumbruken til omlag 200 husstandar.

 

I vedtaket har NVE lagt vekt på at ei utbygging av Sagelva vil vere eit bidrag til fornybar energiproduksjon med avgrensa miljøeffektar.

Utbygginga vil gjere nytte av fallet mellom 198 moh og 4 moh. Vassvegen skal vere nedgraven heile vegen. Dei viktigaste problemstillingane i saka er slik NVE ser det omsynet til reindrift og biologisk mangfald. NVE meiner ulempene kan reduserast i tilstrekkelig grad gjennom avbøtande tiltak. I vedtak om løyve er det lagt vekt på at det skal gå ei heilårleg minstevassføring i Sagelva. Anleggsperioden skal også tilpassas reinens bruk av området. Området er ikkje synleg i eit større landskapsrom, og slik NVE ser det vil inngrepa berre få lokale verknader, og den er dermed ei akseptabel utbygging.  

NVE vurderer nytten av tiltaket som større enn ulempene for allmenne og private interesser. Vi gjev difor løyve til bygging av Sagelva kraftverk på nærare fastsette vilkår.

NVE meiner at på grunnlag av ein lav konfliktgrad kan Sagelva  behandlas som ein eigen sak i forhold til dei 9 andre sakane som blei send ut høyring i Hemnes kommune. 

Kontaktpersonar:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89
Avdelingsingeniør Henrik Langbråten, tlf. 22 95 94 18