Snøproduksjon i Surnadal Alpinsenter, vannuttak Sjøasætervatnet

Registreringsnummer
6619
Saksnummer
201106680
Overordnet sakstype
Andre inngrep
Sakstype
Vannuttak
Underordnet sakstype
Overflatevann
Formål
Snøproduksjon
Status
Gjeldende konsesjon
Vedtaksdato
16.01.2013
Tiltakshaver
SURNADAL ALPINEIENDOM AS
Fylke
Møre og Romsdal
Kommune
Surnadal
Vassdragsområde
112.1

NVE har motteke ein søknad frå Surnadal Alpineiendom AS om løyve til uttak av vatn frå Sjøasætervatnet, for snøproduksjon i Surnadal Alpinsenter i Surnadal kommune.

Ved Sjøasætervatnet vert det etablert ein pumpestasjon, med effekt på 90 kW. Vatnet skal pumpast herifrå over eit høgdedrag og fram til snøproduksjonsanlegget i alpinsenteret. Mellom pumpehuset og alpinanlegget vert det grave ned ein 2500 m lang vassleidning med diameter på 280 mm. Det vil også bli grave ned ein 400 kW kabel med lengde på om lag 350 m mellom pumpehuset og næraste trafo. Det er ikkje behov for ny veg i samband med tiltaket.

Det er planlagt at anlegget skal vere i drift i til saman 14 døgn i løpet av sesongen. Det totale vassbehovet vil vere på 67 000 m3. noko som utgjer i underkant av 1 % av feltet sitt totale tilsig. For å sikre tilgangen på vatn er det også søkt om å regulere Sjøasætervatnet mellom kote 489,4 og 490. Søkjar planlegg slepp av minstevassføring tilsvarande alminneleg lågvassføring på 16 1/s.